Kjell Ola » 25 Sep 2022, 09:58
Eg anar ikkje kor mange som les det som blir skrivi her, men eg vil nå likevel skryte av nok eit Potters news, verkeleg! Nok ei topp utgåve.
Men eg vil også nytte høvet til å skryte av stoke.no. Oppdateringa der kjem raskt, artiklane er interessante og språket er variert og artig.
Eg ser at det i PN blir etterlyst etter fleire bidragsytarar, i «alle» kanalar. Det forstår eg godt, for det er mykje dei same namna som går att som skribentar. Desse skribentane skal ha mykje skryt, men eg ser jo at det blir mykje på få. Eg er på ingen måte nokon stor bidragsytar, har vel gjennom tidene to artiklar i PN. Men kanskje … Uansett; eg håpar fleire kan vera med slik dei som har bidrege mykje til nå, kan få litt avlastning.