Så er me i gang med ein flott opptur, der me har klart å vinne kamper som me før ikkje var istand til, O`Neill har tilført laget stram organisering, fått opp
glød og innsats som jo alltid skal og må ligge som grunnlag for suksess og resultater, uansett spelestil. Kjekt.
Då er det vel og igang med masse `gråsteinsprat` og stikk i hytt og vær til `gjengen`og `fraksjonane`som har et litt annet syn enn det som virkar som`fasiten` for å skape et sterkt lag;
virkar nesten som det er viktigare å `slenge med pennen` til dei som ikkje er enig med ens egen `rette` fotballfilosofi, enn å bry seg om laget som sådan. Merkelig.
Ein er ikkje mindre glad i klubben om ein meiner at `gråsteinane`godt kan tilføyast ein to eller tre spelerar som hevar laget enda meir; er jo overhode ingen motsetning med å vera
stjerne med et navn og det å kunna ha ein god disiplin og lagfølelse, det blir for meg meininglaust å hevde, då er det like mykje klubbledelse/manager som er problemet
Trur bestemt at litt nytt må tilføyast, iallefall om me ønsker oss opp, men for dei som heller vil vera der me er nå, (utrulig nok) er sikkert laget sterkt nok for denne divisjonen.
Nå blir det vel kampen om å forgude O`Neill og nesten ta æra for hans suksess (a la Pulis) igang, trur sjølv O`Neill kan bli ein super trenar eg med sine landslagsmeritter der eg og likar
måten det blir spelt på, utan kun ein kjedelig langball filosofi, synes Stoke er blitt et bra ballbesittende lag der midtbane er godt innvolvert. Står nå fortsatt på at det trengs ein effektiv
mann på topp, sjølvom Campbell virkar veldig lovande; (får jo berre håpe han ikkje får stjernestatus, det likar me jo ikkje noke særlig i Stoke
)
Forresten veldig bra at klubbledelse endelig fekk fingeren ut og signerte Campbell, på tide dei og våknar, har et stort ansvar for klubbens framtid dei og ikkje berre managerens
ansvar om det går opp eller ned.
Siste åra har jo vore ein evig forguding av Pulis og ditto sutring om Hughes som ingen ende tar; er heldigvis ikkje sånn sammenskrudd eg, at det må peikast på ein syndebukk eller ein frelsar,
mykje meir opptatt av løysingar i nuet for min del, trur det verken er tidlegare managerar si ære eller skuld om det går som det går/har gått med Stoke siste åra. Nå gir eg dagens
O`Neill æra for oppturen sålangt, det som er bak i tid er for meg irrelevant (oi der kom det jammen meg et fjongt ord fra meg og
) og kan lite gjerast med, energien blir då
for meg brukt feil og løyser ingenting. Utrettelig ensidig framstilling av egne bastante meininger har eg heller ikkje behov for å gjengi i det uendelige,men heller tillegga at og
andre kan ha eit fornuftig fotballsyn og samtidig akseptera det.Eg er sikkert ein merkelig skrue,men men.....synes det greit sånn eg
Synes det heldigvis er fleire her på forumet som bidrar veldig bra med nøkterne innlegg som handlar om laget og gulpfrie innlegg; kjekt å lesa det Svein Moen, Runar Kvernen, Torstein
Norevik, Kristin Henriksen og fleire skriv.....god info, nøkterne og reflekterte innlegg som handlar om Stoke`s framtid, ja idet heile tatt det det handlar om; vår klubbfølelse igjennom et
langt liv,
(eg har forresten fortsatt samma kjerringa når eg tenker meg om, men usikker på kin så ryk først om eg må ta valget mellom klubb eller kåna
)
Eg er heller ingen lett krenka fyr, overhode ikkje, men likar greie linjer og ordinært `skikk og bruk` enten eg gøymer meg bak tastaturet eller i kvardagen, eg har sikkert heller
ikkje den glupaste fotballhjernen, men etter 50 år med intens fotball-kikking, trenar funksjon i mange år med utall av cupar og turneringar med ungdomsfotball, vil eg sei at pittelitt
har eg fått med meg...
Med lidenskap for Stoke og håp om Premier League igjen om ein sesong eller to ( ønsker nemlig opprykk) har eg veldig stor tru på prosjekt O`Neill (etterpå klok, javel heilt ok
),
retningen ein kan gjer noke med ; nemlig framover og deretter oppover...... det e mi greia, "Stoke opp og fram" !