Side 1 av 1

Emre Tezgel

InnleggSkrevet: 29 Jun 2022, 23:01
Kjell Ola
Han er skildra som eit kjempetalent, og er berre 16 år. Det var visst interesse frå Leeds, men han har nå signert ei 3-års kontrakt med Stoke som går frå han fyller 17 i september. Eg les at nokre meiner dette er den viktigaste signeringa - så langt - denne sommaren. Han er visstnok også «livslang tilhengjar» av vårt kjære Stoke, så dette må vi tru blir bra.

Han fekk sin debut for Stoke mot Leyton i FA-cupen sist sesong og vart dermed den yngste spelaren nokon sinne som har spelt for A-laget.