Side 1 av 1

Stoke - Laget som la grunnlag for straffespark

InnleggSkrevet: 30 Mar 2021, 19:04
kjartan
Dette er ei lita historie om handsen som revolusjonerte fotballen.

Hendinga som skulle endre fotballen skjedde 14. februar 1891. Då møttest Notts County og Stoke i kvartfinalen i FA-cupen. County leia 1–0 då kampen gjekk inn i sitt siste minutt.

Stoke angreip desperat for utlikning, og sende av garde eit skot som hadde perfekt retning mot krysset. Utlikninga var opplagt, hadde det ikkje vore for County-backen Jack Hendry. Han stod på streken, hoppa opp og boksa ballen over tverrliggaren. På keepervis.

Det gav Stoke berre indirekte frispark, og det er ikkje lett å score på når ballen ligg nokre få centimeter framfor motstandarane som stiller seg opp på streken. Forsøket var sjanselaust, og Stoke blei slått ut av cupen.