Stoke- kva nå?

Her diskuterer vi alt som har med vårt kjære Stoke City FC å gjøre

Stoke- kva nå?

Innlegg Etne-Kjell » 15 Feb 2021, 13:08

Så var det tid for å spekulera i manager-bytte, tillit i gruppa, feilkjøp/salg av spelerar, playoff/direkte opprykk, Stokes fortid, gamle managers skuld i dagens utallige poengtap, spelestil, mange ulike gode og sjølvgode forklaringar og meiningar på kva som er galt/har gått galt (sånn skal det jo vera i et debattforum forresten), klubbens eigerar/styre, nærmer oss sumpen igjen....osv.....osv..... kjente faktorar og desverre høgst aktuell debatt atter ein gang.
Eg, som ein med middels fotballkunnskap tillet meg å komma med noken betraktningar og mitt enkle syn på fotball, trur litt på den filosofien eg då at ting blir `hausa` opp til å bli for taktisk og kynisk. Fotball må vera meir enn ein taktisk 1-0 seier då fotball er, iallefall for meg ein totalpakke der eg ikkje ser kun på tabellen, men og ser kampane med stor innlevelse og alle 90 min+tillegg, sjølvsagt er tabell og plassering av stor betydning, men då som et resultat av ein god kamp med tre pinnar....
Å eg ser masse fotball, kan bli både 3 og 4 kampar t dagen om helgene (er litt på jobb og då) og ser alle lag, men noken med større interesse, Leeds (med sin tut og kjør fotball som tv2 studio kalla det), er et friskt pust og godt eks på det eg kallar artig og god underholdning; og ja dei taper kanskje med 2-3 mål når det går galt, men det gjer nå fakerten lag med såkalt stram og god defansiv organisering som det så fint heter og .....( feks Stoke ;) )....andre lag som og er artige å følgja synes eg er Tottenhan (før Mouringoen kom), South., Wolves, Chelsea, og fleire med dei.....
Kva har dette så med Stoke å gjer; og kva skal Stoke gjer nå, er jo ingen direkte krise pr idag, men litt urovekkande det som har skjedd siste tida. Innrømmer glatt, (syns det er ein grei egenskap), at eg syns MON var et godt valg utifrå jobben som landslagstrenar og det kan fortsatt visa seg å bli bra. Trur iallefall ikkje skulda ligg på verken Hughes som blir dradd fram som grunn for at me taper ein fotballkamp 2-0 i det herrens år 2021, for meg blir det berre ein gylden grunn for haterar av den dresskledde mannen å sverte han lengst mulig. Må nå for pokker vera mulig kunna komma forbi det bitre øyeblikket for noken av at Pulis fekk fyken, og nye kostar kjem inn :(
For meg var forresten dei sesongane med Hughes ein fargeklatt i Stoke-historien der me hevda oss i fleire sesongar mot sjølv dei beste, det attpåtil med ein type fotball eg veldig godt kan vera bekjent av. At Hughes mista grepet ; ja det kan nok ikkje bestrides, men det har jaggu skjedd med mange andre, om snart ikkje alle, suksess i noken sesongar, sparken, ledige ei stund, ny klubb, ikkje mange som held i 5-6-7 sesongar lenger......for meg var denne perioden med 9-plasser ei flott fotball-tid iallefall. :D
Set nok mykje av årsaken til stoda me er i nå til perioden der managerar kom og gjekk, spelerar me hadde i klubben og som hadde høg kvalitet ( sjølvom dei visst nok var for tekniske og hadde brylkrem) men ikkje vart brukte. Har kvitta oss med et drøss av spelerar med plenty god nok kvalitet og som har gjordt det greit i andre klubbar, skifte av manager etter manager skaper ikkje godt klima eller gode framtidsplanar i ein klubb. Dette må vera klubbens styre og eigerar sitt definitive ansvar!!!!!!! :(
For å skape ein stabil god klubb trengs først av alt ein tillitsvekkande, samlande og rettferdig manager, om MON er den rette t å skapa humør og optimisme i ein tropp er eg usikker på, men å setja isamen et slagkraftig lag med formspelerar bør han være kapabel til, samt nyte respekt (ser jo litt småstreng og alvors-tynga ut då :) ) Innsats i kvar duell / kvar ball, altså gidda å ofra / yta maks og blø for klubb kan i mange tilfeller oppheva at du ikkje er den største stjerna og gjer deg brukande for laget likevel.
Me blir nok ein middelhavsfarar denne sesongen dessverre, var kanskje for optimistisk og utolmodig når eg håpa på kvallik/opprykk iår? Synes me bør la MON få bli, sjølvom eg ikkje er så fasinert over fotballfilosofien hans, kan me ikkje bytte nå igjen men satsa på at han finn ut av det, få troppen til å tru på seg sjølv og kvar enkeltspelar opp noken hakk.
Nå kan MON visa ka han e laga av, trur troppen e god nok for topp 8-10 iår, då med et kjøp eller to så får me tru på dei med teorien om at det tar tid å bygge lag og at neste sesong blir minimum kvallik :D
Syns forøvrig at forumet her har et fint `klima` og oppfordrar fleire til å`ta til pennen`med Stokestoff og innspel, dei fleste Stoke fans er vel av det `gode gamle slaget` med både historie og fotballkunnskap, kom igjen!!!! :roll: Kan eg rabla ned noken merkelige setningar og meiningar, kan heilt sikkert dei fleste andre og :lol:
Etne-Kjell
Ivrig Stokie
 
Innlegg: 52
Registrert: 12 Des 2020, 19:05

Re: Stoke- kva nå?

Innlegg Svein Nilsen » 16 Feb 2021, 20:48

Flott innlegg Etne-Kjell, mange gode poenger også!
MON var frem til årsskiftet en samlende og tilsynelatende god manager, det burde han vært ennå, men resultater er fakta - det kommer man ikke unna. Vi kan ikke legge skylden på Campbell lengre, vi har over 20 andre spillere som tjener bra og som burde være kapabel til å prestere i Championship. Faktum er vel at vi har en av de sterkeste troppene men presterer for tiden langt under pari. MON må selvfølgelig ta en del av skylda, slik er det å være manager eller sjef, de må ta ansvar. Det tro jeg nok MON gjør men akkurat nå går det meste på tverke og han og laget kan prise seg lykkelig over at det bare er flagg som dekker setene på Bet365 Stadium! Stemningen blant oss supportere er på vei til å surne, fotball er en ferskvare og de fleste har glemt hva vi presterte for et år siden. Nå må vi starte å vinne fotballkamper eller så blir det vanskelig for MON å fortsette i jobben....rett og slett!
Svein Nilsen
Ivrig Stokie
 
Innlegg: 2469
Registrert: 06 Aug 2010, 22:47

Re: Stoke- kva nå?

Innlegg EspenE » 17 Feb 2021, 11:55

Så ble det seier i går, og presset blir litt borte selv om vi aldeles ikke er friskmeldt. Samtidig tror ihvertfall jeg at faren for nedrykksstrid er mer eller mindre borte, til det er avstanden nå for stor - 4 poeng til playoff og 14 til nedrykk. Vi har dog flest spilte kamper av alle, men kun 1 mer enn B'mouth på 6.plass og Wednesday på 22.

Faren er hvis skadene igjen begynner å bre seg. Nå har vi Campbell ute resten av sesongen, og det er ikke mye igjen når Collins er tilbake heller (6 uker). Stallen er ikke brei lenger, det er kun sentralt på midtbanen og vingene som har god dekning. Hvis Fletcher skader seg sliter vi, og det samme hvis det kommer en skade til i forsvaret. Hvem skal bekle høyrebacken hvis Smith blir skada? Må vi da over til 3 stoppere igjen og Matondo og McClean/Tymon som vingbacker? Ikke bra.
EspenE
Ivrig Stokie
 
Innlegg: 553
Registrert: 23 Okt 2018, 20:46

Re: Stoke- kva nå?

Innlegg Etne-Kjell » 24 Mai 2021, 00:02

Så er denne sesongen over, endelig kan me kanskje sei, då det enda ut med `ingenmannsland`for Stoke sin del og der trives me vel ikkje, eg gjer iallefall ikkje det ;) Å slett ikkje når me e på nivå 2, MÅ ha mål og ambisjonar om ei høgare plassering og ikkje minst høgare nivå på det me driv med neste sesong. Ser med litt misunnelse på Leeds sin 9.plass i år og tenker på våre kjekke sesongar 3 sesongar med 9.plasser og i tillegg som spelande lag noke eg satte umåtelig pris på :D (Om det likevel var denne perioden som er heile årsaken til at me er der me er idag, får det våge seg, eg trur ikkje det, men åkkesom verdt det, fantastisk periode)
I mine maaaange fotballdiskusjonar med likesinna, og fra andre klubbar blei og Stoke omtalt med respekt og flotte omtalar; ikkje berre som ein defansiv, hardtspelande og kjedelig `klodons`med kun langball og langkast som våpen. Noke som for noken er heilt uvesentlig; nemlig underholdning med å nyta ein fotballkamp er for meg; vesentlig :shock: Får eg nyta ei Hansa å to, fine mål der fleire enn to er involvert og i tillegg ein seier; Ja då er ettermiddagen redda....å berre telja seierar og sjå på tabellen ved sesongslutt blir for meg, dessverre litt for lite god `underholdning`.
Kvifor drar eg fram Leeds? Fekk liksom litt tankar tilbake i tid med deiras 9. plass, men ikkje minst måten å spele fotball på; underholdande både for egne fans og nøytrale, høgt press, vinna ballen høgt med mange mann og dermed mange involverte i angrep, unngå dristige langballar og heller ikkje dristige stikkerar. Men for Guds skuld IKKJE mista ball :oops: Heilt klart ein til tider risikabel oppskrift, men i heitaste så artig å bivåne og ikkje minst; det gir jo flotte resultater sjølvom det avogtil gir 3-4 kuler imot.
Tv-studio kalte det`tut og kjør`fotball (Leeds-fansen var rettnok ikkje enig i den beskrivelsen) uten veldig mykje taktikk, men som gir resultater og attraktiv fotball som gir det kjekt å sjå. :roll: Jostein Grindhaug i FkH seier; Peisa på, taktikk er oppskrytt!!!! Kanskje ikkje heilt sånn meint, ei heller sikkert ikkje heilt rett, men taktikk fungerer ikkje åleina, du må ha med deg spelerane med rett holdning og vilje, avogtil kan`tut og kjør`og fungera, meiner for stram organisering og taktikk binder opp vågaliteten og prestasjonar, spelerane blir noken ganger då redde for å gjer feil; og underpresterer!
Nå kan me vel ikkje forventa og kanskje heller ikkje nødvendigvis håpe at traurige, forsiktige og defansivt orienterte MON skal etterape Bielsa i dette, her er han nok eineståande og sjelden, om ikkje einaste til å utføre denne type fotball, men er det lov å tenkja solid defansiv organisering som grunnstamma, men samtidig våga å senda mannskapet fram når det skal angripast, hatar utallige tversover på egen banehalvdel, utan eksplosjon.....
På eit lag må det ytast, bånn gass i angrep, bånn gass heim igjen osv osv.....til dette trengs løpskraft, overblikk, mentalitet og sjølsagt ein dose teknikk, ( men ikkje for god, då blir det kanskje for underholdande ;) Ein treng ikkje vera verdensstjerne for å springa fort....eller for å senda ein enkel kortpasning.....eller blø for klubben sin......eller ha fotballforståelse........eller for å legge ein assist......eller for å scora..... :lol:
Trur mao at ikkje me må (kan vel heller ikkje pga manglende gryn) kjøpa dyrt, men finna rette typane iallefall i tre av lagdelene; keeper er me vel greit forskodd med. Men forsvar, midtbane og angrep bør få sin forsterkning kvar og då meiner eg forsterkning, samt at me gir våres egne unge talenter sjangsen. 18-20 åringar har i mange klubbar vist seg tilliten verdig og pusta dei etablerte i nakkehåra.....blir skjerpings i alle ledd av sånt :geek: Her kjem ein trenars teft inn, rett spelar til tenkt system.
Så nå MoN, nå har du sjangsen, bli kvitt overflødig fett og skaff deg 3 stk. med kvaliteter som hevar oss, samt at du gir konkurranse til dei du har. Med handa på rattet og medbestemmelse på kjøp og salg/utlån (reknar med du har det) kan du nå visa at du er dugande til jobben (og ikkje lar Vokes feks. blir første valg), vågar å benkesette dei som underpresterer og gir det offansive litt meir fokus :shock:
Ønsker nemlig kommande sesong å nyta ein og an 2-3 målsseier med ei og anna Hansa og med topp 4 som mål, direkte opp e kanskje i overkant? Nå er du faktisk med å bestemme alkoholinntaket mitt neste sesong MoN, la det bli stabilt..... :D
Enkle betrakningar og enkle innspel fra ei enkel fotballsjel, men syns dei e jysla bra sjølv då ;) Heldigvis ingen så har enerett på å meina....., sånn ska det vera!
Etne-Kjell
Ivrig Stokie
 
Innlegg: 52
Registrert: 12 Des 2020, 19:05


Gå til Om Stoke

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 19 gjester

cron