http://www.nrk.no/sport/fotball/meisterligaen/1.8322484
Dette tykkjer eg interessant lesing. Stoke er på 4.plass når det gjeld talet på skadedagar i PL i fjor. Og det er jo viktig å halde spelarane skadefrie så langt det er mogleg. Det kan jo bety at Stoke-spelarane er godt trente og derfor blir mindre skada. Det er også eit stort + til heile støtteapparatet rundt laget som ofte er gode medspelarar når det gjeld å halde spelarane friske. Og dette var ein sesong der vi var i EL så det var mange kampar.
Eg må si eg er nokså overraska over at ManU er på "topp". Der bør dei jo absolutt ha støtteapparat/trenarar ol. som kan nok om dette til å unngå så mange skadar.
Såg "litt" på Real Madrid - ManC i går. Både når Ronaldo og Messi er på bana, blir dei jo takla både ofte og hardt. Men er ikkje desse spelarane veldig sjeldan skadde?