Da skriv vi februar 2016 og skadesituasjonen er prekær att. Sjølv om eg ikkje er glad for ei Stoke-fri helg midt på vinteren, kjem vel denne PL-pausa ikkje på verste tidspunkt. Er det nokon som kjenner til skadesituasjonen til Muniesa, Johnson, Shawcross og Cameron? Wilson og Bardsley var ikkje på benken sist, og er vel da også skada. Dei er nå etter mitt syn heller ikkje gode nok, men likevel. Teixeira gjorde seg visstnok ikkje bort når han fyrst slapp til, men det må vel vera ein grunn til at han knapt har vore på bana etter at han kom(?).
Eg er av den pessimistiske typa som trur at alt kan gå gale med Stoke til det motsatte er bevist. Så inntil det ikkje lenger er teoretisk mogleg at Stoke går ned, vil eg frykte det (trur nok heilt ikkje på det sjølv lenger, heller, men altså; pessimist). Men uansett korleis vi snur og vender på det, vil 3 poeng mot Villa neste helg vera svært kjærkomne poeng (alle poeng er forsåvidt det

). Akkurat derfor trur eg at Stoke kan klare å tape poeng på heimebane denne sesongen mot eit usedvanleg dårleg Villa-lag. Eit skjerpa Stoke-lag med nokonlunde forsvarsfirar skal ha 3 poeng her, men slik det svingar opp og ned med vårt kjære Stoke, føler eg meg ikkje sikker.
Det som berre skulle vera eit spørsmål om skadesituasjonen, vart litt meir.